Mai neste år blir taubanen, eller pendelbanen, mellom Loen og fjellet Hoven (1011 moh) tatt i bruk om alt går etter planen.

Rett ned På toppen av Hoven skal banen gå tilnærma rett ned. Arkiv. Foto: Forde kranutleige

No er masta på toppen montert. Den ligg ut over stupkanten og viser korleis det blir å ta banen når den står ferdig.

For banen går i eitt spenn på 1.570 meter, bratt opp frå Loen til Hoven.

Fjelltoppen er også endestasjon for klatreruta Via Ferrata Loen, og starten på eit stinett innover fjellet. Det er også planlagt ein restaurant på toppen.

– Det mest skumle er nok å køyre ned att. Først går det beint ut, til du glir over masta, og så går du ned som om det er 1.000 meter rett ned, ifølge Grov.Gruppa bak banen syns dette er spektakulært nok, om det ikkje skulle vere gjennomsiktig golv inne i pendelbana i tillegg.

– Vi har snakka om gjennomsiktig golv og valt å gå bort frå det. Vi vil heller ha fokus på den fantastiske utsikta, det blir vindauge 360 grader rundt, seier Grov.

Etter planen skal banen stå ferdig i mai neste år. Alexandra Hotel Loen er ein av dei som har satsa mest pengar på prosjeket, som har eit budsjett på rundt 200 millionar kroner.

Cruisekaia i Olden er ikkje langt unna, og cruiseturismen skal vere ein berebjelke for prosjektet.

– Dette er ei fantastisk moglegheit for oss, seier Richard Grov.

Her blir masta på Hoven montert. Foto: Philipp Bihner
Slik ser teiknarar for seg at banen mellom Loen og fjellet Hoven vil ta seg ut.
ARKIV. Næringsminister Monica Mæland (H) vert informert av hotellsjef Richard Grov og ordførar Sven Flo (H) på stupkanten på Hoven. Foto: Knut Arne Aarset