SISTE: 59 prosent seier nei til samanslåing

Spørjeundersøkinga Hareid kommune har gjort i samband med folkerøystinga om kommunereforma måndag, gav ikkje noko klart svar.

Mellom dei 500 som blei spurt, svarte 45 prosent at dei var mot at Hareid slår seg saman med Ulstein.

41 prosent svarte at dei var for samanslåing, medan 14 prosent veit ikkje på undersøkinga.

Les pdf-versjon av undersøkinga til høgre (under om du les på mobil)

Det er ein tendens til at fleire i aldersgruppa 45 til 59 år seier ja til samanslåing, medan det for dei andre aldersgruppene tyder på eit fleirtal mot å gå saman med nabokommunen.

Undersøkinga er gjort av byrået Opinion som påpeiker at skilnaden mellom dei to alternativa er så liten at den ligg innanfor feilmarginen.

Les også: Vil Hareid seie ja til Ulstein?

Smp.no kjem med meir