– Det er eit framståande døme på framtidas grøne, kraftkrevjande industri i Sogn og Fjordane, seier fylkesleiar i Venstre, Gunhild Berge Stang i ei pressemelding.

Senteret i Lefdal blir Europas grønaste og eitt av Europas største datasenter når det står ferdig seinare i år.

Driftssjef Rolf Kristiansen kunne ved pris-overrekkinga fortelje at utbygginga av Fase 1 av senteret blir nær dobbelt så stort som det som opphavleg var tenkt. Senteret vil erstatte store mengder klima-fiendtleg datalagring fyrt med kolkraft, med lagring der energien kjem frå rein norsk kraft.

– Dette viser korleis det grøne skiftet skaper vekst og nye arbeidsplassar også i Norge, seier Venstre sin stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no