Sirkus flyttar frå Volda

Cirkus Minimax frå Volda er snart på flyttefot.

FLYTTAR: Sirkusdirektør Carl-André Hjelvik (til høgre) tek med Cirkus Minimax og flyttar sørover. 

Søre

Dei skal slå seg ned på Osterøy i Hordaland i slutten av september.

Grunnen til dette er at sirkusdirektør Carl-André Hjelvik og sambuar Ingrid Lone ventar barn på nyåret, skriv sirkuset i ei pressemelding.

– Då fall valet på Osterøy, sidan Ingrid Lone kjem derifrå og har familie der. Vi ser også fleire moglegheiter for oppdrag utanom sesong, står det vidare i meldinga.

– Cirkus Minimax har akkurat avslutta ein vellykka sommarturné der vi fekk gode omtaler både frå presse og publikum. No ventar familielivet og planlegging av framtidige sesongar, fortel sirkusdirektør Hjelvik.

Cirkus Minimax har ein siste teltframsyning på Rovde laurdag 10. september, før dei pakkar saman teltet for i år og flyttar til Osterøy.