– Det er for tidleg å konkludere med kva som blir den endelege strukturen for Statens Lånekasse, skriv ministeren i eit brev til Aps Fredric Holen Bjørdal.

Holen Bjørdal bad i eit skriftleg spørsmål Røe Isaken om ei politisk avklaring for kontoret i heimbygda Ørsta.

Ikkje særleg optimistisk

– Om ein tolkar svaret i beste meining, kan det sjå ut som døra er litt på gløtt. At det i alle tilfelle blir ei reell politisk handsaming i departementet. Men med den historia på sentraliseringsfeltet som denne regjeringa har, er det vanskeleg å vere særleg optimistisk, seier Holen Bjørdal.

Styret i Statens Lånekasse gjekk inn for å leggje ned kontoret i Ørsta. Det er i år 30 år sidan Lånekassen opna Ørsta-kontoret, som i dag har 22 tilsette.

Holen Bjørdal håpar no eit tverrpolitisk løft kan berge kontoret.

– Det viktige no er at lokalpolitikarar engasjerer seg på tvers av partigrenser, slik eg ser regionråda og kommunestyra har gjort fleire stadar på ein førebiletleg måte. Det var slik vi greidde få politiets senter for løn og rekneskap til Kristiansund, sjølv om innstillinga var at det skulle ligge i Drammen. Så det er mogleg, men lagnaden til dei 22 tilsette i Ørsta ligg no i Røe Isaksen (H) sine hender, seier Holen Bjørdal.