Ferja som legg frå kai er ikkje så lett å skilje frå ei to andre som kryssar Sognefjorden mellom Lavik og Oppedal på E39.

For passasjerane er det heller ingen skilnad, bortsett frå at det er så stilt om bord at ingen merkar når kapteinen sakkar av fordi land nærmar seg.

Les også: Frykter teknologien blir flagga ut

– Den største skilnaden for meg er at eg må passe på at det er nok straum, seier maskinsjef Martin Husevåg.

Han har tittelen «maskinsjef» sjølv om det eigentleg ikkje er noka maskin om bord.

Maskinromma er i staden fylt opp av 10 tonn med batteri, som lagrar straumen som skal drive fram azipull-propellane frå Rolls- Royce. Og på land står ein ladestasjon som fyller på med straum mellom kvar tur, ein operasjon som tar ti minutt.

Fikk du med deg? Vurderer el-ferjer på Sunnmøre

«Ampere» i rute

«Ampere» har vore i drift i eitt og eit halvt år no. Kaptein Steinar Johnsen underslår ikkje at det har vore barnesjukdomar.

I styrehuset: – Vi vil ikkje bytte tilbake til det gamle, seier kaptein Steinar Johnsen. (t.v.) Maskinsjef Martin Husevåg og styrmann Trond Andersen er samde.

– Det vart nokre driftsavbrot og innstilte turar. Det er ny teknologi, så det måtte vi vente. Men det har gått betre og betre, og no er vi der vi skal vere. Det vil seie at ferja står for ein tredel av produksjonen på sambandet, seier kapteinen.

– Vi bunkrar straum mellom kvar tur og er difor avhengige av stabil straumtilførsel. Det betyr at vi er utsette når det er linjearbeid og liknande. Og vi er ikkje glade i lyn og torever. Dersom sikkerheitssystemet oppdagar noko uregelmessig, til dømes spenningsfall, vert systemet på land lagt ut, og vi må gjere omstart, seier kapteinen.

– Kva er fordelane med el-ferjer?

– Kva seier passasjerane?

– Dei har vore positive, trass startvanskane, og det er klart: dei er mest opptatt av om ferja går eller ikkje.

Batteri ferjer på Sunnmøre

Ferjeselskapet Norled valde Sognefjorden for å prøve ut den første batteriferga. Konkurrenten Fjord1 vel Nordfjord. Nyleg vart to elektriske ferjer bestilte i Tyrkia. Dei skal gå over Lote-Anda.

Snart kan det bli Sunnmøre sin tur. Møre og Romsdal fylkeskommune

vurderer å be om elektrisk ferje

, både i sambandet Hareid- Sulesund og Magerholm- Sykkylven. Enova, som er ein statleg pådrivar for miljøvennleg transport, har alt gitt 88 millionar kroner støtte til ladeanlegg på land.

Først i verda: «Ampere» legg frå kai i Oppedal i retning Lavik. Innretningane på kaia er ladestasjonane for batteriferga.

(Framhald etter biletet.)

– Batteri er framtida

Mannskapet på «Ampere» er sikre: Dei er først, men på langt nær dei siste, som skiftar ut diesel med straum.

– Det er ny teknologi, og det er spennande å få vere med på. Og utviklinga går utruleg fort. Det er ikkje lenge sidan at ein elbil berre hadde akkurat nok straum til å kome seg ut av garasjen. Batteridrift er framtida, seier Steinar Johnsen, som sjølv har ein elbil heime.

– Eg er overtydd om at den neste el-ferja vert betre, og den deretter vert endå betre, fordi teknologien vert betre, og ein får lære av det gamle, seier han.