Over kan du sjå litt av møtet på fjorden mellom Festøya og Standal

Bjarte Flåskjer frå Ørsta fekk ei naturoppleving utanom det vanlege i Hjørundfjorden måndag: Ein flokk på fleire hundre kval kom innover fjorden.

Han fortel at det tidleg på dagen kom hundrevis av kval innover fjorden, så dei drog ut med båt for å sjå om dei fekk sjå meir. Og det fekk dei. Flåskjer fekk festa noko av møtet på video som du kan sjå over.

– Det var eit flott syn og ikkje så ofte ein opplever så mange på nært hald. Dei kom rett ved båten og virka ikkje forstyrra av at vi var der, fortel Flåskjer til smp.no.

Ørstingen har jobba på oppdrettsanlegg i fjorden i kring 25 år, men har berre opplevd å få sjå kval såpass nære ein gang eller to tidlegare. Verken Flåskjer eller smp.no sin journalist er nokre kvalekspertar, men han trur det kan dreie seg om grindkval.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no