Høgskulen ønskjer å byggje nytt hus for mediefaga. Etter planen skal huset også innehalde ein kultursal/kinosal, som kommunen skal leige. Dette kan då fungere som kommunen sitt nye kulturhus.

I eit forslag til avtale går det fram at partane skal arbeide for å etablere eit driftsselskap som skal ha ansvaret for drifta av salen. «Studentsamskipnaden på Sunnmøre kan vere ein interessant samarbeidspartnar i eit slikt selskap», står det i avtalen. Målet er at bygget skal stå ferdig i 2020.

Avtalen opnar og opp for at Volda kommune kan byggje ein idrettshall på Høgskule-området. Kommunen eig dessutan det eldste bygget på det som for heitte Distriktshøgskulen (Ivar Aasen-bygget). Dette bygget er leigd ut til Høgskulen, men vert ledig dersom mediefaga flyttar. Planen er å etablere ein kunnskapspark i Ivar Aasen-bygget på sikt, noko Høgskulen og kommunen ønskjer å samarbeide om, går det fram av forslaget til intensjonsavtale.