– Styret ved styreleiar har uttrykt ved fleire høve at det er på tide med ei vitalisering av styret i Fefast. Ein ber difor aksjonærane kome med framlegg på nye kandidatar til styret, seier styreleiar Paul Kristian Hovden i Fefast til Møre-Nytt.

Fefast-forkjemparane arbeider for bru mellom Festøya i Ørsta og Solavågen i Sula. Dei meiner dette er eit betre stamveg-alternativ for E39 enn Hafast over Hareidlandet. Fefast er den kortaste, raskaste og flataste løysninga, meiner dei.