Vil også slå saman Selje og Vågsøy

Seier ja til Volda – Hornindal

Fylkesmann Anne Karin Hamre i Sogn og Fjordane går inn for at Hornindal slår seg saman med Volda. Ho vil også slå saman Vågsøy og Selje.

Kommunekart over Sunnmørsposten sitt dekningsområde. 

Søre

– Vi respekterer det som eit fleirtal i Hornindal kommunestyre går inn for. Hornindal vil saman med Volda bli ein god kommune som på fleire område vil oppfylle dei krava Stortinget har lagt til grunn for kommunereforma, påpeikar Hamre.

Fylkesmann Anne Karin Hamre i Sogn og Fjordane. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix 

Ho meiner det også er nødvendig å slå saman Vågsøy og Selje.

– Dette vil bli den fjerde største kommunen i fylket. Vi ser at særleg Selje slit med befolkingstilbakegang, sårbare fagmiljø og vil i åra som kjem få svært mange eldre over 80 år, påpeikar Hamre.

Fylkesmannen vel å ikkje bruke tvang overfor nokre av dei andre Nordfjord-kommunane.

– Stryn, Gloppen og Eid er i Sogn og Fjordane-målestokk relativt sterke kommunar som leverer bra tenester til sine innbyggjarar. Dei har også eit relativt sterkt næringsliv. Både i Eid og Stryn er det opningar for samanslåingar, mens Gloppen har stilt krav om bru Anda-Lote. Vi oppfordrar desse kommunane å starte opp igjen samtalar med tanke på samanslåing, er beskjeden frå fylkesmannen.

Også kommunane Leikanger, Balestrand og Sogndal meiner fylkesmannen bør slåast saman, sjølv om de tre kommunane ikkje ønsker det.

Måndag kjem fylkesmann Lodve Solholm i Møre og Romsdal med si innstilling i kommunereforma.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Søre