16. september stakk ein MC-førar av frå ein laserkontroll i Hornindal.

Motorsykkelen passerte i så høg fart at politifolka ikkje klarte å ta registreringsnummeret på motorsykkelen.

– Sykkelen forsvann i retning Sunnmøre, via Kvivsvegen, opplyste Bengt Næss, operasjonsleiar i politiet i Sogn og Fjordane, til smp.no same kveld.

No er ein sunnmøring sikta for råkøyringa, skriv Fjordingen.no.

Politibetjent Eirik Krossen seier til Fjordingen at det er takka vere gode tips og publikum sine observasjonar, kombinert med taktisk etterforsking, som gjer at politiet har sikta ein person og teke frå han førarkortet.

Det skal ha vore i 20.15-tida at motorsyklisten køyrde gjennom Hornindal den aktuelle kvelden, og skal ha blitt observert i høg fart heilt til Stranda.