All skepsis var vekke, og eit samrøystes kommunestyre i Volda vedtok å starte planlegging av eit mediehus som alle voldingar kan bruke.

At Høgskulen har ein spesiell plass i Volda vart demonstrert alt innleiingsvis i saka. Kommunestyret måtte vurdere habiliteten til sju representantar som anten jobbar ved Høgskulen, eller er partnar med ein som jobbar der. Men alle kom gjennom habilitetssjekken.

Det handlar om planane om nytt mediehus ved Høgskulen, der kommunen er invitert til eit spleiselag som kan sikre konsertsal/kinosal for voldingane.

– Dette er ei av dei viktigaste sakene vi har i dette kommunestyret. Det er skjelsetjande for Volda. Det handlar om utviklinga og framtida, sa Benedikte Holmberg (V).

Samarbeidet mellom stat og kommune kan også løyse Volda sitt behov for ny idrettshall, og det kan frigjere plass for ein næringshage i eit Høgskulebygg som kommunen eig.

– Prosjektet gir synergiar, og det er positivt, sa Erlend Krumsvik (KrF).

Han er ein av dei som har vore kritisk til prosessen.

– Eg saknar at dei som jobbar med sentrumsutvikling har fått kome til orde, sa Krumsvik.

Men han forsikra om at også han støttar kommunen sitt engasjement.

– Det er tommelen opp, sa han i kommunestyret.

Rederi og skipsverft

Alle talarane framheva at dette handla om å sikre framtida til ei av hjørnesteinsbedriftene i Volda, samstundes som kommunen kan få eit bygg som lokalbefolkninga kan nytte.

– Høgskulen er Volda sitt rederi og skipsverft. No skal vi i kompaniskap, og vi skal markere Volda, sa Odd Harald Sundal (Sp)

Jan Henning Egset (Ap), som også er direktør for Studentsamskipnaden, var mellom dei som brukte store ord.

– Dette er ei gladsak – og eg håper det vert ein gladdag også. Høgskulen har valt å stå åleine, og ikkje slå seg saman med andre. Skal den klare det må vi satse og vere så attraktive at studentane vel Volda framfor noko anna, sa Egset.

Forslaget til intensjonsavtale vart vedtatt samrøystes. Der står det ingenting om kva bygget kostar. Det vert først klart i juni neste år, og då må kommunen seie endeleg ja eller nei.

Bygginga av idrettshall var eiga sak i kommunestyret. Her vart det gjort vedtak som tar høgde for at også Høgskulen vert ein partnar, i tillegg til kommunen og fylkeskommunen.

Volda kommunestyre måtte vurdere habilitet til sju representantar, inkludert ordføraren, før saka om samarbeid om nytt mediehus vart handsama. Alle dei sju, som her står bak i salen, vart kjende habile, og kunne sette seg att. Foto: Svein Aam