Sjå teikningar frå det planlagde senteret over
Ein milepæl blei måndag passert for planane om vikingsenteret Sagastad i Nordfjordeid.
Kontraktane for bygging av både Sagastad-bygget og Myklebustskipet blei signert, melder prosjektet på si Facebook-side.
Allereie neste månad startar bygginga av vikingskipet som skal vere det største som er funne i Norge. Myklebustskipet er truleg frå slutten av 800-talet og vart funnen utbrent i ein gravhaug i 1874.
Både skipet og bygget skal stå ferdig ved årsskiftet 2018/19, før skipet etter planen blir sett på sjøen og senteret opnar våren 2019.
Sagastad-bygget skal reisast av Eid Industrihus KF og bygget blir eit signalbygg med sirkelrund utforming og same storleik som gravhaugen Rundehogjen som Myklebustskipet er funne i, opplyser prosjektet.