Berre menn vil bli rådmann i Stryn

Stryn kommune har fått 13 søkarar til stillinga som rådmann i kommunen. Alle 13 er menn.

Snart pensjonist Per Kristian Storevik har vore rådmann i Stryn sidan 2009. Ved nyttår går han av.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Søre

Ein av søkarane ønskjer ikkje at namnet blir offentleggjort på søkarlista, vedkommande er ein mannleg sjef, busett i Ørsta, fødd i 1964. Det melder Stryn kommune på sine nettsider.

Blant søkarane er Frank Westad som no er rådmann i Aurland kommune, men som tidlegare har vore rådmann i Hornindal og Årdal.

Sittande rådmann Per Kristian Storevik går ved nyttår over i pensjonistane sine rekker etter 37 år i ulike rådmannsstillingar. Storevik har vore rådmann i Stryn sidan 2009.

Før den tid var han rådmann i Brønnøy, og han har hatt tilsvarande stillingar både i Eid og Hornindal tidlegare.

Her er heile søkarlista:

Nr.Navn:Kjønn:Fødselsår:Bosteds-kommune:Nåværende stillingstittel:
1Bø Andersen, ThomasMann1986RandabergØkonom
2Forberg, MagneMann1957SogndalDagleg leiar
3Fure, OlavMann1964VoldaDagleg leiar
4Heggheim, JanMann1962StrynFylkesdirektør for næring og kultur
5Kjøllesdal, Per AtleMann1956StrynGardbrukar
6Mostad, KnutMann1965AverøyRådmann
7Moxness, Lars-ErikMann1953TydalJuridisk rådgiver
8Olsen, ØyvindMann1977VallePersonalsjef
9Skipenes, AndersMann1963EidRådmann
10Skrede, AndreasMann1986StrynYrkessjåfør/ Kontormedarbeider
11Tjelle, ArildMann1965KlæbuMonitoring Officer
12Westad, FrankMann1962StavangerRådmann
13AnonymMann1964ØrstaSjef