Friluftslivslegende: – Ingen menneskerett å gå overalt

Kva er gale med å tilrettelegge, med skilt, løyper og flotte stiar slik at fleire kjem seg ut i naturen? – Alt, meiner Nils Faarlund (snart 80). Dessutan er spørsmålet feil stilt.

Tilfeldig møte: Situasjonsbilde frå Prestesætra i Volda. Eldre mann i ullkle, lersko og klassisk fjellanorakk må vike for ung mann med dårleg tid og dyrt utstyr. Syklisten viste seg å vere Stig Helset, forfattar av fleire fjellbøker. Karen til høgre er Nils Faarlund. 

Søre

Dagen byrja med stillevandring i skogen. Sansane er meir skjerpa då, meiner vegleiaren til gruppa av friluftslivsstudentar i Volda. Deretter sette alle seg i ring rundt bålet. Samtalen vert betre då. Djupe greier står på timeplanen. Kven er vi? Kvar går vi? Kan det verkeleg gå bra med Moder jord?