Dermed kan ho kallast ekspert på kunsten å snakke saman.

– Vanskelegast av alt er kommunikasjon utan ord: kroppsspråk, blikk, nikk og pausar. Til dømes synest russarar og polakkar at nordmenn smiler for ofte – dei vert usikre på kva nordmenn likar og ikkje likar, seier Reidun Aambø.

Reportasje om kvardagsintegrering: Då Filsan møtte Oddbjørg

Eit av råda hennar er å unngå ja/nei spørsmål, samt unngå å seie «forstår du?».

– Vi får som regel «ja» til svar, for det kan vere pinleg å vedgå at ein ikkje forstår. Å seie at ein ikkje forstår kan dessutan kjennest som å gje kritikk, at du ikkje har forklart godt nok. Det er betre å spørje: «Har du spørsmål?».

«Det er ikkje sjølvsagt at vi trivst i lag dersom mange veremåtar og tradisjonar er ulike», sa Reidun Aambø, då ho nyleg heldt foredrag for flytningeguidar i Volda.

Frivilligsentralen i Volda: Treng fleire flyktningeguidar

Men konklusjonen var likevel klar:

– Det gjeld å tolke kvarandre i beste meining. Det er mykje meir som er likt enn ulikt i kulturane, og vi må ikkje gjere det mystisk og komplisert å snakke med folk frå andre kulturar. Vi treng meir kontakt, seier Reidun Aambø.