Dei tilsette i Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) i Ørsta og Volda sende i august ei bekymring til Fylkesmannen fordi dei er for lågt bemanna.

I dag er det ca. 30 barn og unge på venteliste for å få starta behandling av søknaden sin, og det er grunnskulen som har vore mest skadelidande, fortel PPT-leiar Tone H. Foldal. Eininga har hatt ca. halvparten så mange fagtilsette som dei burde vere ut ifrå antal stillingsheimlar. I desse dagar startar behandlinga av sakene til dei som fekk tildelt saksbehandlar i mai og juni.

– Eg føler situasjonen går ut over barn og unge som kanskje ikkje får dei tenestene dei har søkt om, og skulane får ikkje den rettleiinga rundt elevar som dei ønskjer, seier leiaren.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre på smp.no

Pensjonist tilbake i jobb

Dei tilsette har no etterlyst svar frå Fylkesmannen. Sakene i PPT skal behandlast «innan rimeleg tid», noko som gjer at det ikkje er høve til å innføre ventelister som i Ørsta/Volda.

– Eg er tom for idear. Vi har spurt alle nabokommunane om dei kan selje oss tenester, spurt lærarar og førskulelærarar i Ørsta og Volda, og vi har lyst ut stillingar fem gongar sidan september 2014, fortel Driveklepp.

Trur at ventetida vil gå nedover

Dei vurderer også å lyse ut eit vikariat i nær framtid. No trur ho at ventetida i PPT vil gå gradvis nedover.

– Ja, vi har fått tak i såpass med folk no, så eg trur vi skal greie dette. Situasjonen var veldig alvorleg for eit års tid sidan, seier ho.

Dei tilsette seier i varslinga til Fylkesmannen i Møre og Romsdal at den store delen vakanse har konsekvensar for barn og unge i Ørsta og Volda jf. opplærings- og barnehagelova. Driveklepp fortel at dei har dialog med Ulstein og Hareid om å få til ei større PPT-eining som er mindre sårbar for sjukdom, permisjonar og anna som kan medføre vakansar.