17 brannfolk seier opp i protest

Meiner det ikkje lenger er forsvarleg å halde fram som brannmannskap i Herøy.

Arkivfoto frå ein bustadbrann i Herøy i fjor.   Foto: Carl-Henrik Moltumyr

Søre

Etter fleire års misnøye har 17 personar sagt opp stillingane sine i Herøy brann og redning, skriv Vestlandsnytt.

Dermed står kommunen nesten utan brannberedskap.

Eit fulltalig brannkorps består av 32 mann. I dag manglar det seks brannfolk, i første rekke røykdykkarar. Når 17 sluttar, vil Herøy brannvern dermed mangle heile 23 mann.

I over to år skal brannmannskapa ha forsøkt å retta opp i det dei opplever som store problem. I eit brev til lokalavisa listar dei opp fire punkt:

  • Dårleg arbeidsmiljø
  • Manglande øvingar og øvingsplan
  • Lag som ikkje er fulltalige
  • Den nye lokalavtalen blir ikkje godteken.

Rådmann Olaus Jon Kopperstad meiner at det meste av dette skal vere mogleg å løyse.

– Eg har teke initiativ til at det vert gjennomført ei arbeidsmiljøundersøking i brannvernet, seier rådmannen til Vestlandsnytt.

At det manglar røykdykkarar blir ei sak for kommunestyret 15. desember. Øvingsplanen for 2017 meiner rådmannen er tilfredsstillande.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Søre