Hovenbana i Loen vart dyrare

Nye utgifter gjorde Hovenbana i Loen 65 millionar kroner dyrare enn tenkt.

Spektakulært prosjekt ARKIVFOTO. Hotelldirektør og dagleg leiar i gondolselskapet Richard Grov (t.h.) saman med Ole Runar Aabrekk (t.v.) og Rune Holen på kanten av det 1000 meter høge stupet der det no blir bygd restaurant med spektakulær utsikt. Fjordstasjonen og Hotel Alexandra kan skimtast i botnen. I bakgrunnen den fagre og fårlege Lodalen.   Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Søre

Hovenbana i Loen skal ta turistar til toppstasjonen på 1001 meters høgde i løpet av seks-sju minutt.

Lenge hadde den planlagde gondolbana ei budsjettramme på like over 200 millionar kroner. Pålegg frå Vegvesenet og auka utgifter frå energiverket gjorde anlegget 65 millionar kroner dyrare, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Budsjettet for Hoven Loen er no på i underkant av 270 millionar kroner.

Stryn kommune er ein av dei største aksjonærane, men ordførar Sven Flo er ikkje bekymra. Han seier prosjektet likevel er fullfinansiert.

– Vi veit at dette er snakk om å ferdigstille og få alt fullstendig på plass, og det vil alltid vere fornuftig i eit prosjekt. Det er veldig, veldig positivt. Ting er fullfinansiert og vi ser fram til opninga, seier ordførar Sven Flo til NRK.


Kabelvognene på plass i gondolbana Hoven Loen

Hovenbana i Loen i Stryn har fått på plass gondolane.



Direktør med spett og spade

Hotelldirektør Richard Grov går sjølv laus med spett, spade og handemakt når gondolprosjektet Hoven Loen skal realiserast.



Her skal 40.000 miste pusten neste år

Det skal bli ein av dei store turistmagnetane på Vestlandet. Men billeg vert det ikkje.

 
Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Søre