Det betyr at Arbeiderpartiet vil bryte samarbeidsavtalen dei inngjekk med Senterpartiet, Fremskrittspartiet, Tverrpolitisk liste og Rødt etter valet i fjor høst, skriv Fjordenes Tidende.

Leiar Tove Lill Refvik Volle i Vågsøy Arbeiderparti stadfestar dette til avisa tysdag kveld etter at partiet orienterte samarbeidspartia.

I Ap sitt framlegg vil dei to grendaskulene leggjast ned frå skuleåret 2018/19. Rådmannen ønskte å legge ned Holvik skule frå 2018/19 og Bryggja skule frå 2019/20.

Partiet vil også at eigedomsskatten i kommunen vert auka.