– Vi tilrår samanslåing av kommunane Selje og Eid frå 2020, melder Fylkesmannen måndag ettermiddag.

Selje + Eid utan Vågsøy er anbefalinga frå fylkesmannen.

Mellom dei to kommunane er det 20 kilometer – men fylkesmannen tilrår ikkje å inkludere Vågsøy, som ligg imellom. Vågsøy har nemleg ikkje ønskt å slå seg saman med dei to andre, og fylkesmannen anbefaler ikkje bruk av tvang.

– Sjølv om vi altså vurderer det slik at det kunne bli ei endå betre og meir langsiktig løysing å slå saman alle tre kommunane, kan vi ikkje sjå at det stengjer for ei fornuftig samanslåing at berre Selje og Eid slår seg saman, skriv fylkesmannen i si tilråding.

Bryggja i Vågsøy ønskjer å bli med i den nye Selje og Eid kommune. Det vil ikkje tette heile det opne rommet mellom Eid og Selje.

Selje har inngått intensjonsavtale med Eid. Sjølv om ei samanslåing av Selje og Eid betyr større avstandar internt i ein ny kommune, meiner fylkesmannen at det kan bidra til å sikre betre og likeverdige tenester til innbyggjarane og ein meir berekraftig økonomi.