Det er 25 år sidan lasteskipet «Arisan» med 150.000 tonn jernmalm gjekk ned utanfor Runde. Skipet gjekk på grunn på Geitmaren, og tungoljen grisa til strendene på fugleøya og elles i Herøy.

Det er sagt at vinterstormane sidan har knust «Arisan». Det stemmer ikkje.

– Den same påstanden fekk vi høyre før vi dykka for eit par år sidan, seier Marius Remøy i Herøy Dykkerklubb.

Marius Remøy, Harald Fauske og nokre til ville likevel ned og sjå om dei fann noko. Og det gjorde dei til gagns.

Masta og baugpartiet av lasteskipet «Arisan» som gjekk ned ved Runde. Masta står solid rett opp og ned i havet frå 30 meters djup til cirka 12 meter, kan dykkar Marius Remøy fortelje. Foto: Harald Fauske

Det som vart liggande att oppå det grunnaste skjeret er rett nok oppmale, med unntak av nokre store maskiner, fortel Harald Fauske til Sunnmørsposten.

– Baugpartiet ligg på vestsida av skjeret, på 33 meter, ifølgje Fauske.

– Og akterskipet ligg på austsida av grunna, ganske intakt, stykket er sikkert 30 meter langt, fortel han.

Der ligg vrakrestane som naturlege rev og samlar fisk, fortel dei.

– Vrak er jo generelt ein kjempebra fiskeplass. Og slik det er no er vraket eit fint dykkemål, seier Marius Remøy.

– Er det spesielt farleg å dykke her?

– Men havblikk og finever i lange tider så er det kurant. Men her er vanlegvis ganske tøffe forhold med havet rett inn, seier Fauske.

Dei som tar turen ned har mykje å oppleve. For Remøy er dei første dykka ned til «Arisan» blant hans største dykkeopplevingar, der vrakerestane ligg med intakte seksjonar opptil 50-60 meter lange.