Varslarsak i Hareid:

Brannbefal kjenner seg mobba av mannlege kollegaer

Hevdar brannfolk i Hareid nektar å ta i mot opplæring frå henne – fordi ho er ung kvinne.

Branningeniør Live Gandborg (34) meiner ho i to år har blitt mobba av mannlege kollegaer.  Foto: NILS HARALD ÅNSTAD

Søre

Branningeniør Live Gandborg (34) meiner ho i to år har blitt mobba og trakassert av fleire mannlege kollegaer i Hareid brannvesen.  No har ho sendt varslarsak til kommuneleiinga, melder NRK Møre og Romsdal.

Gandborg sa eigentleg opp ein del av stillinga si for få dagar sidan, men ombestemte seg og seier ho vil ta opp kampen.

Saka skal opp i arbeidsmiljøutvalet i Hareid torsdag.

En del av jobben til Gandborg er å drive opplæring, noko som ho seier har vore vanskeleg:

– Dei toler rett og slett ikkje at ei kvinne seier dei i mot, eller har meir kunnskap om ting enn dei har, seier ho til NRK.

Hovudverneombod Endre-Johan Ose støttar branningeniøren og meiner kommunen ikkje har gjort nok for å hjelpe henne. Han  stadfestar at ei gruppe mannlege brannfolk ikkje vil ta i mot opplæring av Gandborg.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Rådmann Ragnhild Velsvik Berge meiner kommunen har «gjort ganske mykje», men at dei vil sjå kva meir dei kan gjere.

Brannsjef Olav Helt Brubakk seier til NRK at han ikkje kjenner seg att i framstillinga, men at han elles ikkje vil kommentere saka.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Søre