Framdrift for Voldatunnelen

Statens vegvesen sitt forslag til reguleringsplan for Voldatunnelen er truleg klart til påske, melder Mørenytt. 

Statens vegvesen vil truleg ha klart framlegget til reguleringsplan for Voldatunnelen rundt påsketider. Teikning: Volda kommune 

Søre

Målet er at tunnelen på E39 mellom Volda og Furene får plass på Nasjonal Transportplan som regjeringa legg fram i løpet av våren, skriv Mørenytt.

Strekninga er om lag 6,5 km lang langs dagens veg.

Statens vegvesen har i januar utført seismiske undersøkingar.

I gjeldande kommunedelplan for Volda sentrum, Furene og Vikebygda, er to større område ved Sjukehuskrysset i Volda sentrum og på Furene bandlagt i påvente av trasevalg for ny E39 som kortar inn strekninga mellom Volda og Furene.