No er mannen i 20-åra dømd til 60 timar samfunnsstraff for medverknad til innbrotsraidet, som gav heller magert utbytte.

Ifølgje dommen frå Søre Sunnmøre tingrett planla tre kameratar eit innbrotsraid for å skaffe pengar til å betale gjeld for ein av dei.

Stal skilt frå bil

I politiavhøyr var det sagt at dei skulle skaffe oppimot 40.000 kroner, men i retten hevda tiltalte at det ikkje var snakk om så mykje pengar.

Dei tre kameratane var først på rekognoseringstur i Volda og Ørsta og såg seg ut plassar der dei kunne ta seg inn.

Tiltalte som no har fått dom, stilte bilen sin til disposisjon for innbrotsraidet, trass i at det ikkje var skilt på bilen. Men dette blei ordna ved å stele eit skilt frå ein annan bil.

Fann berre 50 øre

Tiltalte hadde nettopp kome ut av fengsel og kjærasten ville ikkje at han skulle vere med på noko innbrot.

I dommen går det fram at dei to kameratane hans braut seg inn i Naustet Grill i Volda. Der gjekk alarmen, men dei to heldt likevel fram. Noko utbytte blei det likevel ikkje, sidan dei berre fann 50 øre på staden.

I Ringo leikebutikk i Ørsta blei det ikkje stort betre resultat. Der stal dei kassa, som viste seg å innehalde berre 2-300 kroner.

Melde bilen stolen

Då dei to karane køyrde vidare til Vartdal for å gjere nytt innbrot, såg tiltalte politibil med blålys og varsla kameratane.

Retten har dømt mannen for å ha medverka til planlegging av innbrot. Ved å låne vekk bilen og varsle om politi, har han også medverka til gjennomføringa.

Han er også dømd for oppevaring av narkotika.

Og han er dømd for at han melde bilen sin stolen, trass i at han visste at han hadde lånt vekk bilen til kameratane.

Har brote med tidlegare liv

Saka låg hos politiet i 14 månader, noko retten meiner er klanderverdig og brot på kravet om rettargang innan rimeleg tid.

Retten merkar seg også at tiltalte ikkje har vore innblanda i kriminalitet sidan han flytta frå Ørsta og braut med sitt tidlegare liv. Han startar på nytt ein annan stad i landet og får sjansen til å gjere opp for seg med samfunnsstraff.