Det kjem fram i ei felles uttale frå kommunane.

Politimeisteren og dei tillitsvalte har vore i forhandlingar om korleis det nye politidistriktet skal organiserast.

I uttalen frå kommunane kjem det fram at partane ikkje har vorte samde, og at spørsmålet går til mekling i direktoratet.

(saken fortsetter under)

Ei arbeidsgruppe ønskjer at ein går for to eininger - ein på Sunnmøre og ein for Normøre og Romsdal. Eit anna alternativ er fire einingar, til skilnad frå dagens seks. Søre-kommunane meiner erfaringane dei har etter at det blei oppretta ei felles driftseining for Søre, er så gode at dei ønskjer at dette arbeidet held fram.

Smp.no fekk ikkje kontakt med politimester Ingar Bøen til å kommentere denne saka måndag ettermiddag.