Mange hadde nok venta seg mykje - når entusiastane bak Trandal blues i juli i år feirar tiårs-jubilieum. Men sjølvaste The Blues Brothers - med fleire frå den legendariske originalbesetninga - det hadde nok dei færraste kunne drøyme om!

Spelar på staden som ikkje finst

Om The  Original Blues Brothers, med ei besetning på elleve mann, skriv arrangøren i ei pressemelding tysdag ettermiddag:- Det er ikkje mykje som ikkje er sagt om dette bandet. Eit formidabelt bluesband, med ei parade av blueslåtar som ingen andre kan syne maken til. I levande live - på "staden som ikkje finst" - Christian Gaard på Trandal!

Steve Cropper - og den legendariske filmen

– Kven har ikkje sett filmen? Og av dei om kjem til Trandalblues er fleire av originalbesetninga. Her skal vi særleg nemne Steve Cropper. Dette er ein av dei heilt store musikarane i historia. Vi snakkar om ein mann som skreiv "Sitting on a dock of a bay" med Otis Redding, og spelte i bandet hans.

Stuart - Starr og  Lennon

Cropper skreiv også m.a. Knock on Wood" med Eddie Floyd, og "In the midnight hour" med Wilson Pickett. Cropper har spela saman med Rod Stewart, The Jeff Beck Group, Ringo Starr og John Lennon. Men han er altså berre ein av elleve i dette kanonbandet i blått...

Torsdag 6. juli

Steve Cropper kjem altså til Trandal saman med dei einaste Blues Brothers i verda, understrekar arrangøren. Blues Brothers kjem til Trandalblues torsdag den 6. juli, og dreg i gang det som teiknar til å bli tidenes sterkaste tredagarsfestival på austisida av midtre Hjørundfjorden.

Reiersrud  og fleire

Men der blir også andre store bluesnamn på plakaten denne julielga: Knut Reiersrud med med eige band gjer ønskjereprise frå då han var på Trandal i 2011. Vidare kjem Vidar Busk Band, MK's Marvellous Medicine, Latvian Blues Band, Tony Dowler and The Hellhounds, Side Brok og sist men ikkje minst: Bokkereidars Blues Band.