SpareBank 1 Søre Sunnmøre har eit konsernresultat for 2016 på 91,8 millionar kroner mot 33,1 millar kroner i 2015, skriv banken i ei pressemelding.

– Vi er særs nøgd med å kunne prestere eit godt resultat for banken i krevjande tider med ei veldig positiv underliggande bankdrift, seier direktør Stig Brautaset i pressemeldinga.

Han berømmer dei tilsette, og skriv vidare at dei har eit fokus på å redusere kostnader og omstille seg til den auka konkurransesituasjonen.

Banken har i 2016 bokført 32,9 millionar i tap på utlån mot 25,4 millionar kroner i 2015.

«Avsetting til gruppevise tap er dobla i løpet av 2016. Størstedelen av denne tapsavsettinga i 2016 er retta mot oljerelaterte næringar, men er avsettingar (ikkje konstaterte tap).», skriv banken.

– Våre kundar i offshoremarknaden har vore gjennom krevande forhandlingar av lånevilkåra og det meste har eller ser ut til å lande på ein god måte både for kunde og bank. Det er likevel fortsett krevande tider for bransjen med betydelig usikkerhet. Banken har lagt seg på ei forsiktigheitslinje med omsyn til å lage buffer for ytterlegare forverring sjølv om situasjonen ser ut til å stabilisere seg, seier Brautaset i pressemeldinga.