Lågare fart på fjorden

Cruiseskipa inn og ut av Geirangerfjorden må truleg snart slakke ned på farta.

GEIRANGERFJORDEN: Hamnesjefen i Strada vil at farta skal ned på Geirangerfjorden, frå åtte til fem knop. 

Søre

Den store trafikken på fjorden gjer at hamnesjef Rita Berstad Maraak no tilrår at skipa må setje farta merkbart ned.

I dag kan skipa halde åtte knop (ca. 15 km/t). No føreslår hamnesjefen at høgste tillate fart frå Skagevikgrunna og inn til Geiranger blir fem knop (ca. 9 km/t). Heilt inne ved hamneområdet i Geiranger vil ho at høgste tillate fart skal vere tre knop (ca. 5,5 km/t).

Hamnesjefen sine framlegg til nye fartsbegrensingar blir no sende over til hamnestyret og kommunestyret for å få laga ei lokal forskrift, før Kystverket får saka til godkjenning.

Når forskrifta er godkjend, vil Stranda hamnevesen setje opp skilt som varslar om den nye fartsgrensa på fjorden.