AMK melder at alle passasjerar er sjekka av lege på staden, dei verkar uskadd, opplyser politiet. Den eldste passasjeren skal ha vore 80 år.

Passasjerane er frakta vidare med ein annan buss som har kome til staden.

Les også: Glatte vegar mange stader på Nordvestlandet

Brannmannskap rykka ut frå Larsnes.

– Bussen ligg på sida, seier Frank Austdal på 110-sentralen.

– Det var veldig, veldig glatt der, seier ein passerande bilist til smp.no.

Kort tid etter vart det strødd med sand på staden.