Ein 44 år gammal mann er tiltalt for å ha forlate ein annan i hjelpelaus tilstand etter ei trafikkulykke i Røyrasundet i Herøy 12. desember 2015. Onsdag byrja rettsaka i Søre Sunnmøre tingrett.

Sterkt skadd

Thomas Dybvik (26) frå Herøy fekk store skader i ulukka. Han var den første som gav forklaring i retten.

–Korleis er livet ditt no?, spurde aktor, Maria Vike Nørve.

–Det er ein hard kamp, men eg prøver å halde humøret oppe, svara Thomas Dybvik.

Dybvik sit i rullestol med omfattande fysiske skader. Han har også fått kognitive skader etter ulykka, noko som mellom anna gjer at han har sviktande korttidsminne. Han er uføretrygda med stort behov for hjelp.

–Kva tenkjer du om det som har skjedd?

–Heilt forferdeleg, var det korte svaret.

Hugsar ingenting

Sjølv hugsar han ingenting frå ulykka. Men andre har forklart at han var på veg heim frå ein fest.

–Det siste eg hugsar før ulykka var at eg var i barnedåp og hadde kjøpt meg hus. Det skjedde 14 dagar før, sa han i retten.

Aktor kom inn på eit vanskeleg punkt som kan bli tema i rettsaka, nemleg om han hadde vore inne på tanken om å ta sitt eige liv.

–Det kan eg ikkje forstå. Eg hadde kjøpt hus, fått meg ei datter og var i jobb, svara han.

Nekta straffskuld

Den tiltalte 44-årigen svara innleiingsvis nei på spørsmålet om han vedkjende seg straffskuld. Han er sjåfør og hadde levert varer i Fosnavåg denne morgonen. Det var mørkt og det regna. Då han kom til 60-sona i Røyrasundet, rett før Herøybrua, såg han nokon i vegen.

–Eg hogg i bremsa, men det verka som han hadde ein ide om å søke mot bilen. Eg drog bilen mot venstre , og så mot høgre, og såg at han for ut på sida. I speilet såg eg eitt eller anna som eg meiner var ein oppreist person, forklarte han i retten.

Han forklarte at det var mykje returgods i bilen, og at dette vart slengt rundt og laga bråk då han bremsa.

Køyrde vidare

Den tiltalte 44-åringen sa at han valde å køyrde vidare «av ulike årsaker».

–Eg har opplevd mykje rart som sjåfør der eg har blitt trua med vold eller våpen. Eg tenkte det var ein person som var truandes til det. Sidan eg såg han var oppreist valde eg å fortsette. I dag veit eg det var ei feilvurdering.

–Var du sikker på at du ikkje hadde truffe han?, spurde aktor seinare

–Eg var heilt sikker på at eg ikkje hadde truffe han.

–Tenkte du det var ei mulegheit?

–Nei.

Ana uråd

Etter å ha køyrd 3-4 kilometer oppdaga han at blinklyset ikkje fungerte. Han stoppa og gjekk ut av bilen. Han såg at blinklyset var øydelagt. Då fekk han «ein uggen følelse», fortalde han.

–Kvifor snudde du ikkje då, spurde aktor.

–Det er vanskeleg å hugse kvifor eg ikkje reiste tilbake. Eg tenkte at andre bilar hadde stansa, og at det ikkje hadde hjelpt han om eg reiste tilbake. Men eg var i ei grad av sjokk og fortviling, etter sannsynlegvis å ha køyrd på nokon, og eg drog vidare.