Det skriv Bergens Tidende.

– Kva er det eigentleg Selje kommune trur? At mine klientar, som sit fengsla, skal betale for å rydde tomta? Dei veit godt at selskapet ikkje har midlar til å rive hotellet, seier forsvarer Per Kjetil Stautland til avisa.

Også tidlegare skal kommunen ha sendt brev til hotellselskapet med krav om opprydding, og då med frist til 1. februar. Det skjedde ikkje noko, og kommunen fekk heller ikkje noko svar.

Administrerande direktør på Selje hotell har innrømt at han køyrde i eins ærend frå Stockholm for å sette fyr på hotellet.