Tre mista lappen på Søre – ni måtte punge ut

Utrykkingspolitiet ferska fleire fartssyndarar på Søre Sunnmøre.
Søre

Ein bilførar  blei først målt med ein gjennomsnittshastigheit på 102 kilometer i timen i 60-sona på fylkesveg 61 i Hareid. Farta førte til at førarkortet blei beslaglagt, melder politiet på Twitter.

Også to bilførarar mista førarkorta sine etter ein kontroll i Tjørvåg . Den høgste farta som blei målt, var 97 kilometer i timen.

Ni andre bilistar fekk bøter for høg fart, melder politiet på Twitter natt til onsdag.