Alle naudetatane rykka ut til ei trafikkulukke på riksveg 15 ved Tennebø utenfor Måløy tidleg fredag.

To biler var involvert og det skal ha vært éin person i kvar bil. Begge personane kom raskt ut av bilane.

Den ene personen blei brakt med ambulanse til sjukehuset i Eid. Skadeomfanget til dei involverte er ikkje kjent.

Operasjonsleiar for politiet i Sogn og Fjordane opplyser til smp.no at den eine føraren braut vikeplikta, men operasjonssentralen visste ikkje ved 11-tida om det blei teke beslag i førarkortet til sjåføren.

Eit køyrefelt på staden var ope for trafikk etter ulukka, ifølgje ei melding på Twitter fra politiet i Sogn og Fjordane.