Markeringa er ope for alle og pårørande etter dei omkomne, overlevande og familiane deira er spesielt invitert. Markeringa skjer på dagen ti år etter at offshoreskipet forliste.

Ordførar Arnulf Goksøyr fortel til smp.no at det blir korsong, solosong og tenning av lys, medan sokneprest Bjørn Leinebø skal leie seremonien. I tillegg skal noverande Bourbon-direktør Bjørn Idar Remøy og ordføraren sjølv seie nokre ord.

Seremonien startar tidleg onsdag ettermiddag og mellom anna deltek representantar frå Sjømannskyrkja, som bistod etter forliset i 2007.

– Forliset pregar framleis offshoremiljøet på Sunnmøre. For mange er det ein sorg som aldri går over, men vi håpar denne markeringa kan gjere noko godt midt i alt det vonde, seier Ole Dagfinn Sky til Sjømannskyrkja sitt eige magasin.

Sky deltek saman med Jostein Handal frå Sjømannskyrkja. Reiarlaget Bourbon Offshore, Herøy kommune og Herøy kyrkje er dei som elles står bak arrangementet.

Åtte menneske omkom då offshoreskipet forliste utanfor Shetland 12. april 2007.