Kommunikasjonssvikt i ei bedrift i Selje førte til at det blei meldt om tjuveri av ein varebil, onsdag morgon.

Det var ved 8.15-tida politiet varsla om at ein Volkswagen Caddy som stod parkert ved eit firma i Selje forsvann i retning Åheim. Kort tid etterpå kom kontramelding om at bilen var «komen til rette» og at den aktuelle bilen skulle på service, opplyser politiet i Sogn og Fjordane til NRK.