Politiet på Sunnmøre opplyste på Twitter ved 10.30-tida at dei hadde fått melding om brann i terrenget på Folkestad i Volda.

Frå Volda-sida av fjorden kunne ein tydeleg sjå røykutvikling nede ved vasskanten. Ein halvtimes tid etter meldinga kom, var det framleis fyr og store delar av bygda var røyklagt.

Også Volda brannvesen rykka ut på meldinga.

Ved 11.20-tida melder politiet at bålbrenning er årsaka til brannen. På det tidspunktet var brannen enno ikkje sløkt, men brannfolka hadde kontroll på staden, ifølgje ei Twitter-melding frå politiet.

Kort tid etterpå opplyser 110-sentralen for Møre og Romsdal på Twitter at brannen er sløkt og at dei fuktar terrenget med vatn.

Torsdag: Politiet opplyser at dei har oppretta ei sak som er til vurdering hos jurist.