Vidar Nupen er tilsett som ny rektor ved Velle skule frå 1. august 2017, skriv Ørsta kommune på heimesida si.

Ifølgje Møre-Nytt tek Nupen over jobben etter Harald Bjarte Thunem, som går av med pensjon.

Nupen har lang erfaring som skuleleiar i grunnskulen. Dei siste åtte åra har han vore rektor ved Bratteberg Skule i Volda kommune.