Ny rektor ved Ørsta-skule

Vidar Nupen blir ny rektor ved Velle skule i Ørsta.

Jobbskifte Vidare Nupen sluttar som rektor ved Bratteberg skule, når han frå hausten av tek til i tilsvarande jobb ved Velle skule. Arkiv  Foto: Knut Arne Aarset

Søre

Vidar Nupen er tilsett som ny rektor ved Velle skule frå 1. august 2017, skriv Ørsta kommune på heimesida si.

Ifølgje Møre-Nytt tek Nupen over jobben etter Harald Bjarte Thunem, som går av med pensjon.

Nupen har lang erfaring som skuleleiar i grunnskulen. Dei siste åtte åra har han vore rektor ved Bratteberg Skule i Volda kommune.