Ein huseigar i Ulsteinvik har varsla erstatningskrav på grunn av ulempene som følgje av to offshoreskip som i to år har vore i opplag utanfor eigendomen hennar.

Bodil Saunes som bur på Saunes i Ulsteinvik seier ho har forståing for at reiarlaget er i ein vanskeleg situasjon, men at det ikkje er akseptabelt at skipa får forlenga løyve til å ligge på staden, melder NRK Møre og Romsdal.

I eit brev til grunneigar Borgstein skriv ho at situasjonen er eit brott på føresetnadene om bruk av området. Saunes påpeiker at dei både misser privatliv og utsikt.

– Eg håper at selskapet finn ei løysing og at båtane kan bli plasserte på ein meir gunstig plass, slik at vi slepp å ha dei i strandsona vår, seier ho til kanalen.

29. juni skal Ulstein kommune ta opp spørsmålet om skipa skal få dispensasjon til å bli liggjande i 3,5 år til. Tidlegare har skipa to gonger fått løyve til å ligge i eitt år.

Jostein Kiperberg i Borgstein meiner det er naturleg at båtane ligg på staden, fordi selskapet disponerer området saman med reiarlaget Island Offshore - og at båtane blir fjerna så fort det dukkar opp arbeid til dei.