Guten er måndag utanfor livsfare og det seg ut til å gå bra med ham, seier Grete Hjelle som er etterforskingsleiar ved lensmannskontoret i Ørsta.

Sjukehuset opplyste allereie måndag føremiddag at tilstanden til guten er stabil.

– Så langt vi kjenner til, er dette eit uhell som har skjedd i samband med leik med eit luftgevær, seier Hjelle til smp.no tidleg måndag ettermiddag.

Ikkje mistanke om noko kriminelt

Ifølgje Hjelle var dei to vennane heime ved bustaden til den eine av gutane laurdag. Politiet har ikkje mistanke om at det har skjedd noko kriminelt i samband med skytinga.

Etterforskingsleiaren opplyser at guten blei treft i nærleiken av hjartet.

– Den som trakk av er under den kriminelle lågalder og vil bli kalla inn til eit avhøyr om saka, seier etterforskingsleiaren.

Hjelle seier det førebels ikkje er klarlagt kven som eigde våpenet og om alle reglar for korleis det skal oppbevarast er følgt.

– Vi skal til med avhøyr og samtaler utover dagen for å finne ut av slike ting, seier ho.

– Burde vore varsla

Guten kom inn til Volda sjukehus på laurdag, men blei seinare brakt til St. Olavs Hospital i Trondheim for vidare behandling.

Politiet blei ikkje varsla før Helse Møre og Romsdal gjekk ut med informasjon om saka måndag, noko som skjedde på bakgrunn av at smp.no spurte om saka.

Hjelle meiner er ei hending politiet burde bli varsla om:

– Det burde vi nok ha vore, men fordi det ikkje dreia seg om traumevarsling, så skjedde ikkje det denne gongen, seier ho.

Smp.no følgjer saka