Vegen er open for trafikk, opplyser politiet på Twitter klokka 17.51.

To personar vart frakta til sjukehuset i Ålesund etter kollisjonen. Skadeomfanget er ukjend.

Punkterte

Det var ein lastebil og ein personbil som kolliderte.

– Det er stor sannsynlegheit for at lastebilen har punktert, og at den andre bilen prøvde å svinge unna, seier vakthavande operasjonsleiar John Bratland i politiet på Sunnmøre.

Klokka 16.40 kom ambulansehelikopteret til staden, fortel eit augnevitne til smp.no. Også to ambulansebilar kom.

Det vart lange køar i begge retningar, og fylkesveg 654 var stengd.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 16.14.