Det er halvanna år sidan tre Selje-politikarar avslørte planar om ei ny hurtigbåtrute mellom Selje og Ålesund/Vigra.

Vanylven Utvikling har jobba med saka. Og no håper dei å vere eit steg nærare. Seinare i august inviterer dei til prøvetur frå Åheim og Stad til Ålesund, for å vise fram engasjementet som er på søre Sunnmøre.

- Næringslivet er ivrige på å få dette til. Frå Åheim og Stad gir dette ei halvering i reisetida til Ålesund og flyplassen på Vigra, seier Tor Inge Nygård i Vanylven Utvikling til smp.no. Plassen om bord på prøveturen er først og fremst tiltenkt næringsliv og politikarar.

Reisetida vil kome ned mot 1,5 time, med stopp på Åram, Eggesbønes og i Ulsteinvik.

- Det vil også vere behov for transport av arbeidarar til Stad skipstunnel, der 80-100 arbeidarar skal jobbe kontinuerleg i fire år, seier Nygård, og unngår heller ikkje å nemne turistnæringa på søre Sunnmøre.

Ein hurtigbåt til Stad kan også korrespondere med dagens hurtigbåt mellom Selje og Bergen.

Les også: Norled har interesse i å forlenge dagens rute frå Bergen til Selje vidare til Ålesund.

Les også: Vil ha skipstunnelhotell