Måndag møtte tiltalte, som er busett i Volda, i Søre Sunnmøre tingrett.

Her står han tiltalt for kjøp av 1,3 kilo amfetamin og ein liter GHB, samt for å ha seld vidare amfetamin til andre.

– Eg er narkoman. Det har eg vore i 25 år. Eg styrer ikkje lenger livet mitt slik som vanlege borgarar gjer, fortalde mannen. Han la til at i nokre år var han heroinmisbrukar, ifølgje han sjølv det verste stoffet eit menneske kan få i seg.

Øydelagd helse

– Lever og nyrer fungerer ikkje som dei skal lenger. Men det er mi eiga skuld. Det er min eigen kropp, og min eigen feil.

– Det er heile tida snakk om eit reservoar som skal fyllast opp, og det er kroppen min. Etter kvart føler du at kroppen blir metta på all driten, for eg kallar det drit. Det er det det er, sa mannen frå tiltaleboksen.

– Eg har ikkje hatt ønske om å dra andre inn i misbruket. Det eg har skaffa meg har stort sett gått til eige bruk. Og det skal eg straffast for, sa mannen.

Det var i mai i fjor at han vart teken i Måløy i det han gjekk i land frå Hurtigruten. Då hadde han vore i Bergen. I bagasjen hadde han 260 gram med amfetamin.

Aktor i straffesaka, politiadvokat Arne Roti, fortalde at i samband med pågripinga starta dei med å sjå nærare på mannen sine aktivitetar.

Dei studerte teledata, bankutskrifter og data frå flyselskap.

14 turar

På den måten meiner dei å kunne sjå at han har vore på fleire turar både til Oslo og Bergen for å kjøpe narkotika – 11 turar til Oslo og tre til Bergen i løpet av eit og eit halvt år.

– Eg erkjenner straffskuld for turane til Bergen. To gonger før eg vart arrestert kjøpte eg kvar gong 15 gram med amfetamin.

Derimot meinte han at politiet ikkje kunne bevise at han hadde handla større mengder narkotika i Oslo, og slett ikkje at han hadde seld vidare.

Ein liter GHB

Om det påståtte kjøpet av ein liter GHB sa han dette:

– Eg betalte 10.000 kroner for ein liter GHB. Men til dags dato har eg ikkje fått noko, så eg er ganske sur og lei og irritert på fyren, sa tiltalte.

Mannen sin forsvarar er advokat Erling Flisnes.

I to dagar framover skal fleire vitne i aksjon i retten.