I dag tidleg oppdaga han noko merkeleg som låg og flaut ute i fjorden. Det viste seg å vere kanskje eit tonn med storsei.

– Vi var fleire båtar som tok opp kanskje 200 kilo kvar. Mykje av fisken var fem-seks kilo, fortel Stig Arne Ekremsæter til Sunnmørsposten.

Etter å ha gitt vekk det meste av fisken, held han tysdag kveld på med å sløye resten, fortel han.

– Dei største seiane var på 11-12 kilo, fortel ein av dei andre som har fått seg fisk i dag.

Foto: Smp-tipsar

Korleis den halvdaude fisken har hamna i fjorden er ikkje kjend.

Nokre mistenker ein fiskebåt for å ha dumpa fisken i jakta på meir verdifull fisk som sild og makrell. Det har vore minst tre-fire fiskebåtar i området i natt og i dag tidleg. Sunnmørsposten har snakka med ein av dei. Skipperen fortel tysdag kveld at dei var ute og fiska tidleg i dag då nota sette seg fast i stein og rivna, og at dei framleis held på med å bøte.

Tips Sunnmørsposten: 95400400 || 95400400@smp.no