Eit planlagd folkemøte i saka er no avlyst, melder Bjørke grendalag fredag kveld.

– Det har no oppstått ein situasjon der ei eiga gruppe har teke initiativ til å sende søknad til Fylkesmannen og be om ei utgreiing av grensejustering av Bjørke og Viddal krins. Når Fylkesmannen har teke imot ein søknad om grensejustering, har ikkje lenger grendalaget noko rolle i denne prosessen, skriv styret i Bjørke Grendalag i ei pressemelding fredag kveld.

Dersom ingen av kommunane har innvendingar, kan Fylkesmannen avgjere saka. Dersom ein eller fleire av kommunane har innvendingar, vert saka overført til Kommunal- og moderniseringsdepartementet, som tek den endelege avgjerda i prosessen.

På bakgrunn av dette ser ikkje grendalaget nokon grunn til å avhalde folkemøte og innbyggjarundersøking.