Ferja frå Hareid klokka 08.00 og Sulesund 08.30 utgjekk på grunn av tekniske problem.

– Det var lekkasje på ein hydraulikkslange, og ferja går igjen klokka 09, seier Inge André Utåker i Nordled til Sunnmørsposten.

Ferja la frå kai på Hareid få minutt over klokka 09 med redusert kapasitet. Kjellardekket er inntil videre ikkje i bruk.

Ferja gjekk også med bakre lem open grunna hydraulisk svikt, skriv Vikebladet Vestposten, som har bilde av ferja som kryssar fjorden med lemmen open.

Ferja kom nyleg ut frå dokk etter at den krasja i moloen på Hareid.