Testen er den mest omfattande som er gjort dei siste åra, skriv Sunnmøringen. Om lag 25 sirener i kommunane Ørskog, Stordal, Norddal og Stranda blir testa.

Samstundes skal det sendast SMS-varsling til alle mobiltelefonar som er i området.

– Det har skjedd mykje på det teknologiske området sidan sist ein hadde ei slik varsling, og det må vi teste ut, seier beredskapskoordinator Hilde Brandshaug Vikås i Åknes/Tafjord Beredskap til Sunnmøringen.

Ho strekar under at det for tida ikkje er noko auke i bevegelsane i Åkneset eller i Heggura.