(Møre-Nytt): Regionstyret i Norsk Luthersk Misjonssamband, region nordvest har vedtatt å legge ned Rjånes Ungdomssenter.

– Vedtaket kjem etter fleire år med underskot, og der ein har prøvd ulike driftsmodellar, skriv Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) på sine heimesider.

Framleis underskot

I 2012 gjorde regionstyret vedtak om at ungdomssenteret skulle drive vidare, føresett at økonomien kom i balanse, og at leirstaden vart oppgradert. Men snuoperasjonen har ikkje lukkast.

Den siste tida har det vore ein dagleg leiar i 60 prosent stilling ved senteret.

– Styret for senteret konkluderer no med at det blir for lita stilling, og det har vore vanskeleg å få frivillige til å bidra i driften. Styret melde difor frå til til regionstyret om at den var uaktuelt å halde fram med «minimumsdrift». Anten måtte ein satse med å bygg nytt internat og dagleg leiar i 100 prosent stilling, eller så måtte ein leggje ned leirstaden,

Fann ikkje anna utveg

Dermed konkluderte regionstyret med at det ikkje var andre realistiske alternativ enn å leggje ned.

– Ei utbygging av nytt internat ville medført låneopptak på over 4 millioner kroner, og det ville vore umuleg å betjene denne gjelden med ei drift som alt i utgangspunktet går i minus, meiner regionstyret.

Saka vart først publisert av Møre-Nytt