Bølgjekraftbøya til Waves4power er teke til land etter at det er oppstått skader på fortøyingslinene, ifølge Nett.no.

Bøya blei teken til verkstadhallen på Fiskå for ein nærare sjekk. Ifølgje konstituert administrerande direktør Bengt Mårlind i selskapet, var planen å ta inn bøya før jul – men skadande framskunda dette.

Dei vil ta stilling til kva som skal gjerast etter at bøya er inspisert, opplyser han til nettstaden.

Fleire tidlegare forsøk med å teste ulike metodar for bølgjekraft ved Runde, har opplevd problem på grunn av røft vær. Det er ikkje kjent kva som var årsaka til skadane på bøya denne gongen.

Ulf Lindelöf gjekk nyleg av som direktør i Waves4power etter usemje med styret om vegen vidare for selskapet.